Matching family tree profiles for Laurits Viersson Totland
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
wife
-
daughter
-
father
-
sister
-
brother
About Laurits Viersson Totland
Han vart kalla gamle Laurits i motsetnad til Laurits Kristenson, som vart kalla unge Laurits.
Laurits var brukar på halve Totland i 1627, som han tok over etter mor si. Han var brukar her til han døydde.
Han var lensmann i Føyen skipsreide 1648-1681. Han hadde derfor bruket sitt skattefritt desse åra. I 1663-1664 vert det sagt at han hadde øvre Skimmeland skattefritt, dvs at han fekk skatten av garden som ein del av lensmannsløna. Han var også lagrettemann, kyrkjeverje og legdsmann for landskatten og unionskatten, skyldsetjingsmann i matrikkelen 1668, og ein vyrd mann i bygda.
I 1655 bad han futen, tollaren Jakob Busch, og ålmugen om skotsmål dette året. Alle svara at dei berre hadde godt å seia om han.
I 1664 vart han stemnd av Arne Simensen fordi han hadde teke i mot fisketiend på Kongens vegne i sju år, utan løyve og ikkje gjort greie for tienden. Vitner stod fram og kunne seia, somme at dei hadde levert tiende til lensmannen, andre ikkje. Laurits stundom kunne ha teke i mot ei kagge makrell, men ikkje meir. Dei femti makrellane som eit vitne hadde sagt han hadde levert, hadde Laurits ført til futagarden, men då var makrellen halvroten. Futen sa han hadde teke i mot makrellen, og seinare nokre til. Han sa han ville tala med kanslaren om saka, så hverken han eller lensmannen kom i skade for dette, og det vart ikkje gjort meir då.
I 1675 stemnde futen han for skatterestans på 247 riksdalar, som stod att etter den forrige futen, Nils Resen, og la i retten ei fråsegn frå lensmannen. Laurits møtte og sa at han ikkje kunne svara på dette, då han verken kunne lese eller skrive. Han hadde ikkje underskreve fråsegna, og ikkje var det hans bumerke som stod under. Laurits vart frikjend.
Han eigde delar av fleire gardar rundtom. Han eigde 1 laup smør i Aadland på Stord, som kona hadde arva. Dette selde han i 1661. Han eigde også 9 merke smør, 9 skilling pengar i Ersland, og ein part i Geitung. I 1657 fostra han ein hest, elleve kyr, åtte ungnaut og ei geit.
Laurits Viersson Totland's Timeline
1605 |
1605
|
Bømlo, Hordaland, Norway
|
|
1619 |
1619
|
||
1633 |
1633
|
Bømlo, Hordaland, Norway
|
|
1640 |
1640
|
Bømlo, Hordaland, Norway
|
|
1640
|
|||
1644 |
1644
|
Totland, Bømlo, Moster, Hordaland, Norway
|
|
1648 |
1648
|
||
1684 |
1684
Age 79
|
Bømlo, Hordaland, Norway
|
|
???? |