Eg er Terje Skjærpe, faktisk den som på ettersommaren i fjor starta opp dette slektstreet. Tok det opp igjen i vinter, og plutseleg har det teke av i større grad enn eg hadde tenkt meg. Veldig artig.
Eg er litt usikker på kor mange som kjem til å sjå dette innlegget. Det eg gjerne ville stimulere til er at ein skriv inn historier, minner - gjerne barndomsminner - om personar ein kjenner noko til, sjølsagt først og fremst om personar som ikkje lever lenger. I tillegg ville det vore fint med historiske data som seier noko om personar i slektstreet. To av brødrene mine, Jon og Vilhelm, har lasta opp og linka til dokument om far vår, Rolv Skjærpe, og farfar Jonas Skjærpe. Vil gjerne oppmuntre andre til å gjere det same. Dersom det er vanskeleg å få det til, så spør Jon og Vilhelm (mailadresser ligg i slektstreet).