Eg driv og slår saman duplikatprofilar, og kom då over to profilar i kvart sitt tre som truleg er duplikat. Dei ligg no som sysken.
Den andre profilen: Bente Nielsdatter Randulf
I følgje Geni skal mor deira vere fødd 1660, og ho kan umogeleg få ei dotter som rekk å bli gift innan 1687. Spørsmålet er då om fødselsdato og dåpsdato er blitt lagt inn som dødsdato og begravelsesdato, men eg håpar at nokon som sit med kunnskapar om kva for kjelder som er brukt har mogelegheit til å dokumentere litt og sjå om det er andre feil. Og at ein deretter kan slå saman duplikata.