Engel Andersen Værøy - Fødsels- og dødsår

Started by Torbjørn Igelkjøn on Monday, November 11, 2019
Problem with this page?

Participants:

Profiles Mentioned:

Showing all 3 posts

I følgje det som ligg ute på Geni levde Engel Andersson Værøy frå 1686-1719, og vart far fleire år etter sin død...

Ser ein på teksten i "Om"-feltet, så er det vel den danske baronen som skal ha levd frå 1686-1719. Eg vel difor å fjerne fødsels- og dødsår på profilen, og håpar at einkvan evt. kan finne kjelder som viser kor tid han verkeleg levde.

Eg registrerer elles at historia om "Zilla" og baronen slik ho er fortalt på heimesidene til Bulandet grendelag inneheld enkelte moment som umogeleg kan stemme, eller som iallefall er svært tvilsame. Det viktigaste er at den uekte dottera skulle ha arva den danske baronen. Uekte born hadde så vidt eg veit ingen arverett etter faren, så sant som han ikkje hadde lyst barnet i kull og kjønn. I følgje historia prøvde baronen i dette tilfellet å få Engel Andersson Værøy til å ta på seg farskapen, og då er det usannsynleg at han ville gje barnet arverett.

Det er også nemnt at det ved dåpen av dottera ikkje er innført namn på foreldra. Det kan vere mange årsaker til at det manglar opplysningar ved ein dåp, og å hevde at dette viser at presten "(...) hadde kjennskap til barnets far sin stilling i det danske samfunn, og unnlot å føre noe om det offisielt i kirkeboken" er ei kortslutning.

Dette er såleis ei morosam historie, men som etter det eg kan sjå har lite med seriøs slektsforsking å gjere.

Historia om Engel og Silla ser ut til å stamme frå Bernt Askevold si bok om Askevold-Slægten, og funn av vigsla og dåpen til Anne Maria Engelsdtr. i danske kyrkjebøker viser at iallefall deler av historia stemmer. Derimot meiner eg at det ikkje finst kjelder som støttar at "baron" Ulrik er identisk med Ulrik Christian Gyldenløve. Dette vart heller aldri hevda av Askevold. Eg har skrive ein del på dei ulike profilane og lagt inn ein del dokument, som f. eks. bilete frå Askevold-Slægten. Dessutan har eg kutta linja til Gyldenløve. Så får ein heller kople til att dersom det skulle dukke opp kjelder som sannsyleggjer påstanden.

Eg prøver å leggje dei andre profilane til denne tråden:
Silla Katharina Kierulf
Dortea Sofie Ulriksdatter Musøy
Anna Maria Engelsdatter Musøy
Abel Engelsdatter Strømmen

Showing all 3 posts

Create a free account or login to participate in this discussion