Slik dette slektstreet ser ut no står Maren Jakobsdtr. med far Jakob Larsson Nordbotten samt syskena Eli Jakobsdtr. Sørbotten og Kari Jakobsdtr. Ålvora. Dette stemmer ikkje med skiftet etter enkja Magdalena Monsdotter Osen
Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 6 (1752-1767), Skifteprotokollside, Side 281b-282a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126640968
Borna hennar er:
Peder Jakobsen Osen
Berent Jakobson, borgar i Bergen.
Mons Jakobson, borgar i Bergen.
Ole Andersson, død og etterlate seg sonen, Ole Olsson Andalen i Naustdal sokn.
Anna Jacobsdatter Haukå, g. med Lars Eriksen Haukåa, Kinn sokn.
Maria Jakobsdtr., g. med Erik Hansson Fæster, Rygg i Gloppen.
Enkja hadde etter skiftebrev av 23/6 1740 vore eigar i Steindalen.
Skiftebrevet må vere etter den tidlegare ektemannen. Det finst ikkje skifteprotokollar som dekkar denne perioden, men i tingboka er det nemnt ein kontrakt datert 22/6 1740 der ho skal ha kår av sonen, Peder Jakobson. Kontrakten byrjar på siste linje på venstre side:
Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 12 (1740-1745), Rettsprotokollside, Side 32-33
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090401630627
Her står det at ho er enkje etter Jacob Pedersen Osen, og heller ikkje dette stemmer med slektstreet på Geni.