Jens Jensson Kalstad - Fødselsdato

Started by Torbjørn Igelkjøn on Monday, February 18, 2019
Problem with this page?

Participants:

Profiles Mentioned:

Showing all 14 posts

Lurer på om nokon veit kva som er kjelda til fødselsdatoen 6/8 1824, som står på Geni no? Eg legg også merke til at nokre MH-slektstre opererer med 6/2 1826. Men den einaste kandidaten eg har funne er døypt som "Torjer", og er fødd 13/2 1825 og døypt 27/2 1825. Sjå "Om"-feltet på profilen. Er det han som seinare blir kalla Jens Jensson, og som kom til Kalstad?

Dette er "Skulejensen" , fødselsdato som står på gravstein i Guddal er 06.02.1826, har endra det i dag.

Takk for oppklaringa når det gjeld kjelda for sistnemnde fødselsdato.

Etter mi meining må Jens Jensson Kalstad som sagt vere identisk med #29: "Torjer Jensen", fødd 13/2 1825 og døypt 27/2 1825 i Domkirken. Uekte. Foreldra: "Korporal Jens Torgjersen af Uhrlands Præstegjeld, Sogn og Anne Bertine Ellingsdatter, 16 R. N. 56".

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Fødte og døpte 1825, Side 75
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306670318

I så fall er 13/2 1825 det nærmaste ein kjem ein korrekt fødselsdato.

Eller er denne Torjer evt. ein bror til Jens Jensson?

Eg meiner også at det må vere Jens Jensson Kalstad som vart konfirmert i Holmedal i 1839 (sjå "Om"-feltet), trass i at faren her står som Torjer Jensen. Veit du noko om korleis det hadde seg at han kom til Fjaler? Vart han kanskje oppfostra hos slektningar?

Eg har søkt eindel på nettet tidlegare, då var Jens Jensen Tærum ei gåte, men følgande har notert meg. Ein Jens Torgersen Tærum fødd 1801( sansynlegvis,far til vår Jens, emigrerte til USA i følge Norwegian imigration side 320, i 1844, under navnet hans står Torger 1844 og Unni.)eg las det som ein eitt år gamal gut og ny kone. Denne Jens Torgersen Tærum fikk mange barn og etterk. USA og Canada. Mor til jens mista som 2åring sin far og 7-8 dager gamle søster i bybrannen i Bergen ho voks difor opp med mor og stefar og stesøsken. Nevnt i folketeljing 1801.

I følgje denne sida vart Jens T. gift i Aurland i 1842 (alle opplysningar må sjekkast):
https://www.myheritage.no/site-family-tree-275391941/nilsen?rootInd...

Boka du viser til nemner då Jens samt sonen Torger og dottera Unni:
https://archive.org/details/historyofnorwegi00flomuoft/page/320

Ein finn då ein passande familie i 1850:
https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M4DX-BMG

Tilbake til Jens Kalstad: Mor mi noterte litt om slekta medan bestemora hennar, Nikoline (f. Sletteland) levde. Ho har m.a. notert at Jens var fødd i Bergen, og oppfostra i Tyssekvam. Korleis han hamna der eller kven han budde hos er ikkje nemnt. Det må uansett vere han som blir konfirmert i Holmedal i 1839, nederst på sida:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 6 (1835-1884), Konfirmerte 1839, Side 164
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050818031131

Eg slit med å lese det som presten har skrive, men det virkar iallefall som at "Skulejensen" var skuleflink.

Retting: Når det gjeld det notatet greier eg ikkje å finne det att, så eg er usikker på nøyaktig kva som stod der. Eg ser at det står i bygdeboka at han voks opp på Tyssekvam, så då kan det hende det er der eg har opplysninga frå.

Ytre Holmedal omfatta Fjaler og dei andre konfirmantane har Guddalsnavn(Gaular var indre Holmedal) Så han er nok konfirmert i Guddal kyrkje. Kirkesanger var forresten både klokker og lærar sidan, kyrka stod for leseundervisning i omgangsskulane, seinare når skulehusa vart bygde (på Skulejensen sine eldre dager) fekk dei fleire fag.Det gamle skulehuset på Guddal, finn du eindel om på nettet.Dette står på Sunnfjord museum.Ellers var Kyrkja på Guddal påbygd og oppussa til 200 års jubileet i Jens sin tid. Postnummer 6825 Guddal har han som første postbud. Eg er ikkje så flink å legge inn linkar, men ein kan tenke seg kvifor han har fått dette navnet.

Nederst på sida står han som fyrste konfirmant under overskrifta Holmedal sokn. På neste side finn du konfirmantane frå nr. 2 og utover frå Holmedal sokn, og det ser du også på gardsnamna. Det går dermed heilt klart fram at han vart konfirmert i Holmedalskyrkja, så det var nok seinare at han kom til Kalstad og kjøpte bruket der.

Elles takkar eg for opplysningane.

Dette har du kanskje frå før: Skøyte 13/7 1850: "Jeg underskr. Hans Endresen Kalstad skjøder og sælger herved til Skoleholder Jens Jenssen det mig(?) efter Skjøde af 15/11 1844 tilhørende Jordbrug ??? i grden Kalstad, ..."

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Pantebok nr. II.B.13 (1848-1854), Pantebokside, Side 183
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070813200566

Sogn og Fjordane fylke, Fjaler i Sunnfjord, Panteregister nr. II.A.b.5 (1887-1956), Realregisterside, Side 223
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070820550271

Skøyta er forresten datert nøyaktig ei veke etter at han vart gift med enkja Sigrid Andersdtr. Gallefoss, som er mi tippoldemor.

Tipptippoldemor.

Du har rett eg oversåg Holmedal i kyrkjeboka, Ellers var dei også mine tippoldeforeldre.Som du nevner tidlegare så kan ein mistenke at han har hatt ein eldre bror i sine tidlege år (oppkalt som eldste son etter sin bestefar) halvbror kan ha blitt oppkalt på nytt etter død bror. (tradisjon), dette er spekulasjoner. Ellers var det vanleg å skilje like namn i eit gardstun med farsnamn eller arbeid, slik som heime på viksdalen med 3 Håkonar som Lærarhåkon, Haldorhåkon og Antonhåkon. Men det er lite truleg at dette vart ført inn i kyrkjeboka, så lenge presten var edru :)

Slikt skaper problem, og særleg då i eldre kjelder som ikkje alltid er like detaljerte. Dette gjeld f. eks. kyrkjebøkene frå Fjaler på 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet der det gjerne berre står f. eks. at Ole på den og den garden døyper sonen Hans. Dersom det då var fleire samtidige Ole på same garden blir det lett feil.

Eit eksempel her frå Haugland (ved Hauglandsenteret) er Kolbein Øysteinson som fekk ein son som heitte Tollak i 1803. På nabobruket fekk Kolbein Andersson ein son som heitte Tollak i 1806. "Min" Tollak Kolbeinson døydde i følgje bygdeboka som liten, og det blei deretter fødd ein Tollak Kolbeinson på same bruket i 1806. Dette er feil. Den sistnemnde Tollak Kolbeinson er i tillegg ført på nabobruket der han skal vere.

Ser ein i kyrkjebøkene finst det ikkje nokon Tollak Kolbeinson Haugland død som liten, og ein finn heller ikkje meir enn ein Tollak Kolbeinson døypt i 1806. Ser ein i folketeljinga for Fjaler frå 1815 vil ein finne begge to, der "min" Tollak er 12 år og den andre er 9.

Tollak Kolbeinsen Haugland

"Min" Tollak: #28. Den andre Tollak: #19.
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01070683000174

Eg rettar fødselsdatoen til 13/2 1825, jf. dåpen som primærkjelde for fødselsdato. Eg har no funne bilete av gravsteinen på http://skulejensen.no, og der står det som du seier 6/2 1826. Eg legg også merke til at det står på gravminnet at han døydde 19/11 1902, medan han i følgje klokkarboka for Guddal døydde 24/11. Her er det ikkje godt å seie kva som er "rett" dato, sjølv om eg held ein knapp på kyrkjeboka. Eg har sett fleire eksempel på gravsteinar med feil datoar, og slikt kan m.a. oppstå ved oppfrisking av skrifta.

Showing all 14 posts

Create a free account or login to participate in this discussion