Johanne Hansdtr. Langeland - Fjaler: Johanne Hansdtr. Langeland f. 1742. Er dette eigentleg Johannes Hansson Langeland, f. 1742?

Started by Torbjørn Igelkjøn on Friday, August 10, 2018
Problem with this page?

Participants:

Profiles Mentioned:

8/10/2018 at 7:02 PM

Johanne Hansdtr. Langeland f. 1742 er ikkje nemnd i bygdeboka (Fjaler gards- og ættesoge, bind 3, side 341) blant borna til Hans og Borni. Derimot finn ein broren, Johannes Hansen Rennestraum f. Langeland 1742 nemnd. Tilsvarande gjeld for skiftet etter Knut Jørgenson Håland, som er onkel til Johannes (og evt. Johanne). (Sjå "Om"-feltet på Knut).

Det er freistande å berre slå saman dei to profilane, men så er det heile 25 MyHeritage-slektstre som påstår at Johanne Hansdtr. Langeland f. 1742 verkeleg har funnest. Difor legg eg ut spørsmålet her, i tilfelle nokon skulle greie å finne ei kjelde som viser at ho verkeleg fanst.

Create a free account or login to participate in this discussion