Hei
Har litt problem med å sjå at Geni, brukt på norsknordisk) måte er dårleg egna på dette området. Fornamnsfeltet til alle døypenamn, mellomnamnsfeltet til patronymikon, og etter namnsfeltet til gardsnamnet ("adressa") eller familienamnet som personen nytta hovudbolken av sitt vaksne liv og så gardsnamn/familienamn personen var fødd med i feltet for dette. Og alt likt for "kar og kvende".
Eg veit at i tradisjonell slektsgransking er det vanleg å nytte gardsnamn/familienamn ved fødsel som "etternamn". (Sjølv om dette kanskje ikkje har vore heilt konsekvent for mannfolka som flytta til ein ny gard?) Det er vel ingenting i vegen for å lage ein konvensjon på at vi gjer det på denne måten i Geni også, men får vi den store, vide flokk med oss på det sporet?
Kan dette ordnast lettast av Geni-teamet ved å flytte(proritere) opp "Ved fødselsnamnefeltet" og døype om etternamnsfeltet til "Seinare brukt etternamn" eller liknande?
Når ein så har "Også kjend som" feltet til eventuelle fleire etternamnbyte, måtte vi kunne klare oss.
Ja, ja dette var no berre nokre flygetankar som for forbi